Thursday, November 24, 2016

Klassisk bil

Klassisk bil: Mazda MX-5
På bloggen Sveins blogg har eg for det meste skrive om tema som IKT, bilar og musikk. No prøver eg å samla bilstoffet på denne nye bloggen, så får me sjå om eg klarer å halda den aktiv.

Klassisk Bil AS
Eg oppretta firmaet Klassisk Bil AS for eit par år sidan. Forretningsidéen var å leiga ut klassiske bilar, både til turistar og fastbuande. Eg kjøpte bilen det er bilete av over, men innsåg etter kvart at ei slik satsing krev meir innsats enn eg har kapasitet til for tida. Eg selde difor Mazda-en, med tungt hjarte må eg innrømma, og har lagt planane på is. Men eg meiner framleis det er ein god idé som kanskje kan takast opp att på eit seinare tidspunkt.

Klassisk bil?
Kva er så ein klassisk bil? Det står eg heldigvis fritt til å definera sjølv, sidan det ikkje er eit presist begrep. For meg er Mazda MX-5 ein klassisk bil, rett nok ein ny-klassikar. Grunnen er både at den har vore, og er, enormt populær og at den byggjer på, og vidarefører, ein stolt britisk bilhistorie: roadster-en.

Viss du vil ha ein bil som er utruleg artig å køyra og som ikkje kostar fantasisummar, er Mazda MX-5 det opplagte valet. Og eg er ikkje sponsa av Mazda for å skriva det. Hadde eg ikkje selt min eigen, kunne du til og med leigd den for ei helg og spart endå meir pengar!